Kurs - Memoar.no‎ > ‎

Minnesamlarkurs i Bergen hausten 2017

Memoar inviterer til 

Kurs om minnesamling med video

i Bergen hausten 2017.

Kurset vil handla om å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv

gjennom videoopptak, etterarbeid, avlevering til arkiv og formidling.

*

Bergen offentlege bibliotek har etablert eit intervjustudio,

og kurset vil gjera deltakarane i stand til å bruka både studio, eit tilknytta digitalt arkiv og ei nettside.

*

Kurset passar både for forteljarar - folk som har mykje å fortelja,

og for minnesamlarar - folk som vil bruke fritid eller arbeidstid på å samla andre forteljarar sine minne.

Ingen forkunnskapar krevst - bortsett frå interesse for munnleg historie, minneforteljingar og nær fortid.


Start: 
Tysdag 12. september kl, 16-20 
Etter det ei samling i månaden, 
kombinert med individuell (evt. gruppevis) rettleiing og e-læring fram, til jul.

Emne: 

Tysdag 12. september kl 16-20:  
Introduksjon til Studio 1. Målet med denne kvelden er at alle deltakarane skal vera i stand til å gjennomføra eigne opptak i Studio 1.  Den siste timen brukar me på idéstorming.

Individuelt: Deltakarane får hjelp til å trena og/eller gjennomføra "ekte" intervju i Studio 1

Tysdag 10: oktober kl. 16-20: 
Om munnleg historie.  Målet med kvelden er at deltakarane skal ha ei klar meining om kva dei vil fortelja eller/og samla forteljingar om. Me skal drøfta verdien av munnlege kjelder, styrke og manglar samanlikna med anna kjeldemateriale, munnleg tradisjon og forteljarkultur, litt om korleis med dokumenterer intervjuopptak og myklje erfaringsutveksling. 

Individuelt: Deltakarane får vidare hjelp til å gjennomføra eigne intervjuopptak og til å starta etterarbeid (dokumentasjon og arkivering) 

Tysdag 14. november kl. 16-20: 
Forteljaren og intervjuaren. Om å planlegga og gjennomføra eit godt intervju - for begge dei to hovudaktørane. Etikk og jus - ytringsfridom, opphavsrett og personvern.  Litt teknikk i studio og i redigeringsfasen.  Lange frie forteljingar - og poenterte kortforteljingar. Mykje erfaringsutveksling. 

Individuelt: Elæring og rettleiing om å bruka Dropboxmapper, redigeringsprogrammet WeVideo og publiseringstenesta Vimeo. 

Tysdag 12. desember  kl. 16-20
Korleis kan munnleg historie brukast? Om formidling gjennom publikumsarrangement, nettsider, sosiale media, massemedia, digitale vandringsruter og QR-koding. Tagging av innhald i store videofilar. Samarbeid med sogelag og arkiv / bibliotek / museum. Skissering av nye minnesamlingsprosjekt. 

Individuelt: Elæring og rettleiing om å planlegga og gjennomføra initiativ til nye munnleg historieprosjekt 

Memoar-kurs i Bergen, hausten 2017



Kursleiar: Bjørn Enes 
Bjørn er frilansjournalist av yrke, med erfaring frå avis, fjernsyn og digitale media. 
Han er ein av grunnleggjarane av Memoar og har arbeidd med munnleg historie sidan 2005. 
Les meir om han på www.enes.no. 













Påmelding innan 5. september 

Bruk helst skjemaet til venstre 

Du kan også melde deg på
ved å betala til Vipps eller bankkonto

Bankkonto: 3633 41 87769


Du kan og fortelja andre 
om påmeldinga på Facebook

 

Kursavgift: kR. 300,- 
maks 12 deltakarar 


Comments