Kurs - Memoar.no‎ > ‎

5-kveldars kurs i Bergen i juni 2016 (ferdig)

Når ei grupe kjem saman for fyrste gong, er det vikitig å sikre at me startar ut nokonlunde samkøyrde. 
Hovedmål for den fyrste samlinga er: 
  • Gjennomgang av måla for kurset 
  • Presentasjon av kvarandre 
  • I Bergen gjer me oss kjende med Studio 1 - andre stader demonstrerer me studio / utstyr og prosjektarkiv på andre måtar. 
  • Alle forsøker seg både i intervjuar og forteljarsituasjonen. 
  • Me "de-briefar"  og legg litt planar. 


Framdrift av pilotkurs i Bergen mai/juni 2016: 

Samling 1 - Introduksjon -  Torsdag 26. mai 2016 kl 12-15 (Gjennomført)

Time 1:


Velkomst - kort orientering (kursleiar) - presentasjon her

Presentasjonsrunde, deltakarar

Drøfting av forslag til mål for kurset:

  • å skape eit oppsving i interessa for og samarbeidet om munnleg historie (oral history) i Bergen.
  • og at alle deltakarane skal ha gjennomført og dokumentert minst eitt intervjuopptak innan kursperioden.  

Minnesamlarkurs - Presentasjon


Time 2:


Me flyttar opp i Studio 1,  fgår gjennom prosedyrene for bettilling og alle forsøker å styre teknikken. 

Me gjennomfører korte intervju med kvarandre, om noverande arbeid og nye idear knytta til munnleg kultur.


Time 3:


Me går attende til Møterom 1 for "debriefing":

  • Me hentar opp videoane frå Dropbox og diskuterer dei, 
  • Skal me lage ein podcast ut av dei? 
  • Til drøfting: Kva hindrar oss i å berre setje i gang? Idear om intervjuobjekt - kva treng me å fokusere neste gong for at det skal bli endå lettare? 

(Her er videobloggen frå fyrste samling. Passord for å sjå bloggen: "Minnesamlarkurs").

Studiotest, 26/5-16:

 


"Heimelekse":

Kursleiar klipper saman opptaka frå Studio 1 til ein videoblogg og deler han med deltakarane. 

Kvar deltakar tenkjer gjennom konkrete intervjuprosjekt og kva som trengs av førebuingar til dei. 



Slektsintervju


Comments