Memoar, Østfoldmuseene og frivillige startar opp arbeidet med Borregårdssamfunnets munnlege historie i helga 3-5 mars 2017:
Fredag 3. mars: Introduksjonskurs om minnesamling med video for tilsette i museet og interesserte frivillige (meir info nederst på sida).
Laurdag 4. mars: Gjennomføring av avtalte intervju med videodokumentasjon.
Slike intervju foregår som enkle, hyggelege samtalar om minner frå arbeid og fritid, både om kvardagsliv og om store hendingar.
Intervjuarar vert tilsette i Østlandsmuseene.
Samtalane kan vere frå ein halvtimes tid til to timar lange (ved behov for meir tid, gjer me nye avtalar).
Samtalane vert filma. Formålet er å samla munnleg kjeldemateriale som seinare kan brukast til å formidla Borregårdsamfunnets historie og annan arbeidslivshistorie frå Østfold.
Aktuelle tidspunkt for avtalar kan vere kl 10, 12, 14 eller 16 på laurdag 4. mars. Det kan også gjerast avtale på sundag 5. mars, men då med intervjuar frå Memoar.
Søndag 5. mars: Informasjonsmøte om Memoar - evt. danning av fylkeslag i Østfold.
Kl. 13:00 i Wegnerbrakka på Borgarsyssel Museum
Bjørn Enes frå Memoar vil fortelja om oppbygginga av eit norsk forbund for munnleg historie.
Alle interesserte er velkomne
Interesserte kan teikna medlemskap i Memoar. Viss det er grunnlag for det, vil me starta arbeidet med å danna eit fylkesklag for Østfold.
Formålet er å samla forteljingar om arbeid og fritid, kvardag og særskilte hendingar, "gode og onde tider", frå dei som sjølve opplevde og levde liva sine på Borregård og i samfunnet rundt. Dette er ein viktig del av historia om industri-Noreg generelt og om Sarpsborg spesielt. Dei fremste kjeldene til denne historia er dei som var der - som hadde skoa på, og som kjende kor dei trykka. Ingen forteljingar er for "små" - og ingen er for store!
Opptaka vert gjort på video. Forteljarane sjølve vert eigarane av opptaka. Fyrst etter at dei har sett gjennom, må dei bestemma seg om dei vil dele forteljingane med framtid og samtid.
Dersom forteljarane vel å dela opptaka med framtida, vert dei magasinert i Østfoldmuseene for å kunne brukast til forsking og til formidling av historia om Borregårdssamfunnet. Dersom forteljarane også seier ja til å dela dei med si samtid, vil dei bli publisert på Internett. Memoar vil i så fall dela dei på nettsida www.memoar.no.
Dagskurs i minnesamling med video, fredag 3. mars kl 09 - 15:30
Målgruppa for kurset er personar - profesjonelle eller frivillige - som ynskjer å læra seg litt om å gjera minneopptak med video, dokumentera og bruka materialet i forsking eller formidling.
Invitasjon frå kursleiaren:
kl 09 - 12:
Presentasjonsrunde
Memoar - kva og kvifor? Foredrag og samtale om
Gjennomgang av den formen for minneintervju som Memoar sine utvikla: Lange forteljingar - (1-4 timar eller meir) som i høg grad er frie livsforteljingar, også når utgangpsunktet er tematisk fokusert som f.eks. ei bedriftshistorie.
Spørsmålet om kva dette materialet kan / skal brukast til: (Formidlingsformat - erfaringar med nokre og idear om andre)
Juss og etikk - avtale om opphavsrett og bruksrett
Dokumentasjonsmetoden. Tagging av innhald. Geotagging og QR-kodar.
Viss me får tid, gjer me også nokre praktiske forsøk.
KL 13 - 15:
Korleis?
Foredrag samtale og praktiske øvingar med
Førebuing av intervju
Gjennomføring - fordelear og ulemper med førebudde spørsmål