Detaljane for denne dagen vil bli planlagt saman med dei deltakarane som melder seg tidleg. Det skulle passe bra for dei som har begynt eller tenkjer på å begynne eit minnesamlingsprosjekt. Skriv nokre få om om prosjektet / ideen i påmelingsskjema, så tek kursleiar kontakt.Lær korleis du gjennomfører eit videointervju på biblioteket, og korleis du dokumenterer, arkiverer og delar det ferdige intervjuet. Ein laurdag på kurs med Memoar vil gjere deg i stand til å sikre forteljingane til viktige personar i slekta for all framtid!Kurset er eit samarbeid mellom Memoar og Bergen Bibliotek. Kursleiar er frilansjournalist Bjørn Enes. Varighet er laurdag 22. oktober kl 10 - 16. Ingen forkunnskaper krevst - men ta gjerne med nettbrett, smarttelefon eller PC. Kursavgift: Kr 600,- (300,- for medlemmer av Memoar) Påmelding: post@memoar.no
Etter kurset vil deltakarane ha fri tilgang til:
Pluss råd om kor ein kan leige profesjonell hjelp. Detaljert kursprogram:
Me møtest i Noterommet i Musikkavdelinga i andre etasje på Bergen Hovudbibliotek Biblioteket. 10:15 - Presentasjonsrunde. Kvar deltakar fortel eit par setningar om seg sjølv og sine eventuelle prosjektidear. 10:30 - Bjørn Enes: Kva er eit minneintervju? Kort om kvifor, korleis gjere det, intervjusituasjonen, spørjeliste etc. 11:30 Pause. I løpet av pausen flyttar me oss inn i Studio 1 som er like ved. (Framleis i Musikkavdelinga i 2. etasje). (OBS: I den neste halvannan timen skal det vere operasalong i Noteromet. Difor skal me helst halde oss inne i Studio 1, slik at dei to arrangementa ikkje uroar kvarandre). 11:45 - Bli kjend md studio: Alle forsøker seg både som intervjuar og forteljar. Undervegs diskuterer med vidare poeng frå innleingspresentasjonen. 14:00 - Lunsjpause: 14:30 - Om dokumentasjon, bevaring og deling.Me flyttar oss oss attende til Noteromet. Der ser me litt på på opptaka me har gjort medan me tek ein matbilt. Litt om avtalar og avklaring av personvern, opphavsrett og ytringsfridom. 15:30 Kort om medlemskap i Memoar: Pågåande dugnadsprosjekt, vidare kurs, kor ein kan leige profesjonell hjelp etc. 15:40 Evaluering og avslutting 16:00 Biblioteket stengjer
Meld deg på med ein epost til post@memoar.noeller ved å fylle ut dette skjemaet: |
Kurs - Memoar.no >