Kurset er berekna på seniorar som har planar om å laga og dela eller publisera sine memoarar Det er tenkt køyrt på dagtid, på fredagar i perioden 20. april - 22. juni. Kursleiarar: Bjørn Enes og Barbro Matre Kursprogram: 20. april: Om førebuingar. Kurssamling der me snakkar om kva ei memoarforteljing bør innehalda. «Heimelekse»: Disposisjon over ei minneforteljing 27.april: Presentasjon av disposisjonane – drøfting og idéutveksling. «Heimelekse»: Nyskriving av disposisjon 4 mai: Intervjuopptak. Intervju av ein deltakar som gjerne fortel med dei andre som publikum «Heimelekse»: Finn fram fotografi eller gjenstandar som illustrerer ting i din disposisjon. 11. mai: Intervjuopptak; Intervju ein eller to andre deltakarar som no også gjerne har publikum. «Heimelekse»: Skriv fyrsteutkast til eit kapitel av dine memoarar. 18. mai: Om kunsten å dokumentera eit videointervju 1 «Henmiuelekse A»: Dokumenter ditt eige videointervju «Heimelekse B» : Studiointervju av deltakarar som ikkje ynskjer publikum. 25. mai: Kunsten å dokumentera eit videointervju 2 – fordjuping «Heimelekse»: Arbeida vidare mned dokumentasjon av videointervju og/eller tekst. «Heimelekse B» : Eventuelt studiointervju av deltakarar som ikkje ynskjer publikum. 1. juni: Publisering: Korleis laga si eiga memoar-side på internett med video, dokumentasjon, fotografi og tekstar. «Heimelekse»: Vidare arbeid med tekst, bilete eller videodokumentasjon. 8.juni: Erfaringsutveksling og fordjuping – Kursleiar presenterer utkast til nettside med alle fortejingane til gruppa. Heimelekse: vidare arbeid med video, dokumentasjon, skriving eller formidling. 15. juni: Perfeksjonering av nettside – førebuing av forteljarpanel. Heimelekse: Repetisjon av eigne forteljingar 22: juni: Avslutting: Ope møte med publikum: «Levd liv i Bergen» Fire (eller fem eller ti – alt ettersom) seniorar samtalar om sine livserfaringar – Kursleiar er samtaleleiar. Møtet avsluttar med å presentera deltakarane sine nettsider og (evt) trykksaker. |
Kurs - Memoar.no >