Kurset vil handla om å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv gjennom videoopptak, etterarbeid, avlevering til arkiv og publisering. Kristiansand Folkebibliotek opnar eit nytt intervjustudio i august, og kurset vil gjera deltakarane i stand til å bruka både studio, eit tilknytta digitalt arkiv og ei nettside. Kurset passar både for forteljarar - folk som har mykje å fortelja, og for minnesamlarar - folk som vil bruke fritid eller arbeidstid på å samla andre forteljarar sine minne. Ingen forkunnskapar krevst - bortsett frå interesse for munnleg historie, minneforteljingar og nær fortid. Kursplan: Fyrst tre gruppesamlingar i august (28., 29. og 30/8, kl 10-14. Eventuelt også ei kveldsgruppe kl. 17-21) Deretter individuell "fjernhjelp" til arbeid med eigne opptak (førebuing, gjennomføring, etterarbeid klargjering for arkiv og eventuell publisering) Til sist ei avsluttingssamling med erfaringsutveksling I månadsskiftet november/desember. Stad: Kristiansand Folkebibliotek (Ei eventuell kveldsgruppe må møtast i eit anna lokalei Kristiansand pg opningstidene i biblioteket) Kursleiar: Bjørn Enes. Bjørn er frilansjournalist og leiar av Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Kursavgift: kr. 300,- Medlemmer av Memoar betalar ingenting. Alle interesserte er velkomne som medlemmer av Memoar. (Det kostar også 300,- kr.) |
Kurs - Memoar.no >