Kurs - Memoar.no‎ > ‎

Nytt introduksjonskurs i Sund 6. juli


Kurs i Sund 12.juni

Memoar og Sund Folkeboksamling arrangerer nytt introduksjonskurs i minnesamling i veke 27. 
Denne gongen er kurset fyrst og fremst berekna på dei som har begynt å bruka "prøvestudioet" som har vore montert i Sund Folkeboksamling dei siste vekene. 

Tema vert: 
  • Erfaringsutveksling om intervju
  • Do0kumentasjonsarbeidet etter opptak 
  • Bruk av redigeringsprogrammet WeVideo
  • Klargjering for arkivering i Dropbox og avlevering til offentleg arkiv. 
  • Publisering på internett. 
Deltakarane har arbeidd og eller skal arbeida sjølvstendig med å prøva arbeid i intervjustudio før me samlar oss til ein "intensivdag" torsdag 6. juli frå klokka 08 til klokka 16. 
Etter denne dagen, arbeider deltakarane vidare etterarbeid, lagring og publisering  med indivisuell rettleiing frå kursleiar. 

 
Meld interesse til post@memoar.no

Videoen om det fyrste kortkurset i Sund:

Utvikling og deling av kunnskap og dugleik innan munnleg historie er eit av fire hovudarbeidsområde for Memoar. (Dei andre er produksjon, infrastruktur og organisasjon)

Me arrangerer kortkurs (ein dag eller mindre), helgekurs og lengre kursseriar. I vårhalvåret 2017 har me i alt fem emne:

  • Praktisk innføring i minnesamling,

  • Forarbeid og intervju,

  • Etterarbeid (dokumentering, redigering, etikkvurdering , arkivering og publisering),

  • Minnseinnsamling - planlegging, utvikling, finansiering og gjennomføring av større prosjekt

  • Minneteori.


Me samarbeider veldig gjerne med andre organisasjonar og institusjonar innan kulturvern, undervisning bibliotek mm. Me er medlemmer av landslaget for lokalhistorie og Studieforubndet kultur og tradisjon.

Komande kurs vert annonserte her. Ta gjerne kontakt med post@memoar.no for å drøfta tankar og idear om samarbeidstiltak!